News on your favorite shows, specials & more!
Heimafrå - Odd Nordstoga og show poster

Heimafrå - Odd Nordstoga og at Den Norske Opera & Ballett

Dates: (10/27/2013 )

Theatre:

Den Norske Opera & Ballett


Kirsten Flagstads pl. 1
Oslo,Oslo N-0150

Phone: +47 21 42 21 21

Tickets: 340 - 540 NOK

  1. View All Norway Shows
  2.  > 
  3. Heimafrå - Odd Nordstoga og


Av og til dukkar det opp talent heilt uttom det vanlege. Ingebjørg Harman Bratland er eit slikt talent. Sidan ho var lita jente i fjøllbygda Edland i Vinje kommune har ho trollbunde alle med ein musikalitet og ei stemme av ein sjeldan og heilt spesiell kvalitet. Ingebjørg og Odd har alltid vore kjende for kvarandre, og folkemusikkmiljøet i Vinje har vore begges heimearena. Når Odd tenkte å gjera eit folkemusikkfundert prosjekt var det derfor ingen tvil om kven han hadde lyst til å gjera det ilag med. Ingebjørg vart invitert opp til Lambertseter, og på musikkloftet til Odd byrja songane å trille fram.

Utgangspunktet var veldig enkelt. Nemleg at songane skulle vera av dei om utgjer det musikalske jordsmonnet der dei to kjem ifrå, nemleg Vinje. Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst "Å bån og veslegut". Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkompagnement. Slik måtte dette prosjektet låte. Ingen band, ingen stryke­­arrange­ment. Så enkelt som det kan gå an, men på eige vis synge dei songane som gjennom alle år har lege på tunga til menneska i mellom fjella der heime øvst i Telemark. Sjølvsagt skulle dette prosjektet heite Heimafrå.

Cast and Creative team for Heimafrå - Odd Nordstoga og at Den Norske Opera & Ballett

Videos


Recommended For You