News on your favorite shows, specials & more!

MACBETH at Det Norske Teatret

Dates: (9/1/2018 - 12/18/2018 )

Theatre:

Det Norske Teatret


Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo, Norge

Tickets: Pris frå: 200 ,

  1. View All Norway Shows
  2.  > 
  3. MACBETH


I Skottland har den modige hærføraren Macbeth nett vunne eit avgjerande slag. På slagmarka møter han tre hekser. Heksene spår at han skal få eit større jarledømme som krigsløn, og at han ein dag skal bli konge. Berre timar seinare blir han utnemnt Jarl av Cawdor. Snakka heksene sant? Skal han òg bli konge?

Kva kan Macbeth gjere for å få spådommen til å gå i oppfylling? Med hjelp frå si æresjuke kone, lady Macbeth, set han i gang eit spel for å vinne makta i landet og set med det sin eigen lagnad i spel.

SHAKESPEARES MEST BLODIGE TRAGEDIE
Macbeth blir rekna som Shakespeares mest handlingsmetta, men òg blodigaste tragedie. For etterkvart som ambisjonane tar over for samvitet, går Macbeth over fleire og fleire lik, og får desto fleire fiendar. Fiendar av kjøt og blod, men òg av det meir luftige slaget. Kan fiendane komme tilbake frå dei døde for å hemne seg? Ein mordar ser mordarar overalt. Og kva var heksene som spådde han laga av, eigentleg? Sannseiarar, hekser, eller eit produkt av hans eigen fantasi?

I jakta på å reinvaske seg, forklare og forsvare handlingane sine for seg sjølv, let Macbeth att auga: Kroppen og handlingane blir skilde frå samvitet og sjela.

EIT FORBANNA SKODESPEL
Macbeth er eit segnomsust skodespel. Fleire meiner at det er forheksa og teaterfolk nemner det stort sett ikkje med namn. Det skotske stykke blir det heller kalla av dei mest overtruiske og historia seier at blir namnet nemnt vil skodespelarane eller produksjonen bli utsett for ei ulykke. Forbanninga, eller forheksinga om ein vil, oppstod allereie på Shakespeare si tid. Historia vil ha det til at Shakespeare nytta ekte trolldomsformularar i heksene sine replikkar, og at dei som spela hekser derfor måtte vere ekte hekser, viss ikkje ville det gå framsyninga ille.

Macbeth av William Shakespeare blei truleg framført første gong 1606. Den norske omsetjinga er ved Edvard Hoem. Regien for haustens framsyning er ved Peer Perez Øian.

Cast and Creative team for MACBETH at Det Norske Teatret

News About MACBETH at Det Norske Teatret

Final Chance to Vote for the BWW Norway Awards!
Final Chance to Vote for the BWW Norway Awards!
December 24, 2018

It's the last week to vote for the 2018 BroadwayWorld Norway Awards, brought to you by BroadwayHD! Readers are already setting records as they vote for their favorites. Regional productions, touring shows, and more are all included in the awards, honoring productions which opened between October 1, 2017 through September 30, 2018. Our local editors set the categories, our readers submitted their nominees, and now you get to vote for your favorites! Voting will continue through December 31st, 2018.

Just Two Weeks Left To Vote for the 2018 BWW Norway Awards!
Just Two Weeks Left To Vote for the 2018 BWW Norway Awards!
December 17, 2018

There's just two weeks left to vote for the 2018 BroadwayWorld Norway Awards, brought to you by BroadwayHD! Readers are already setting records as they vote for their favorites. Regional productions, touring shows, and more are all included in the awards, honoring productions which opened between October 1, 2017 through September 30, 2018. Our local editors set the categories, our readers submitted their nominees, and now you get to vote for your favorites! Voting will continue through December 31st, 2018.

Three Weeks Left To Vote For the BWW Norway Awards!
Three Weeks Left To Vote For the BWW Norway Awards!
December 10, 2018

There's just two weeks left to vote for the 2018 BroadwayWorld Norway Awards, brought to you by BroadwayHD! Readers are already setting records as they vote for their favorites. Regional productions, touring shows, and more are all included in the awards, honoring productions which opened between October 1, 2017 through September 30, 2018. Our local editors set the categories, our readers submitted their nominees, and now you get to vote for your favorites! Voting will continue through December 31st, 2018.

Videos


MERRILY WE ROLL ALONG
Job3s (12/6 - 5/11)
VIEW SHOWS  ADD A SHOW  

Recommended For You