News on your favorite shows, specials & more!

ANTIGONE at DET NORSKE TEATRET

Dates: (11/27/2018 - 12/21/2018 )

Theatre:

DET NORSKE TEATRET


Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo, Norge

Tickets: Pris frå: 240 ,

Running Time: 1 TIME 30MIN (IKKJE PAUSE)

  1. View All Norway Shows
  2.  > 
  3. ANTIGONE


Er det lov å vere menneskeleg også mot dei som har handla urett? Antigone trassar overmakta og følgjer hjartet, ikkje lover og påbod.

Brørne Eteokles og Polyneikes drep kvarandre i ein krig om makta i byen Theben. Onkelen deira, Kreon, står fram som den nye herskaren. Han erklærer at Eteokles skal få ei heiderleg gravferd, medan svikaren Polyneikes, som angreip byen med ein framand hær, skal bli liggande der han ligg, til spott og spe. Antigone, veslesyster til dei to brørne, var like glad i Polyneikes som i Eteokles. Ho kan ikkje bere tanken på at den eine skal ligge som åte for rev og ramn. Som den einaste vågar ho å trasse makta ved å vise også Polyneikes den siste ære.

Som i alle greske trageriar går det gale når ein ikkje følgjer gudanes vilje. Kong Kreon har fleire dilemma. Han er onkel til Antigone, og sonen hans skal gifte seg med henne. Derfor må han ta omsyn til ulike meiningar om kva ein konge bør og ikkje bør gjere, kva gudane vil, og samstundes må han gi folket ei kjensle av rettferd.

Han vel å vere hard og steil og ikkje vike for religiøse påbod. Ved å ikkje gravlegge Polyneikes, slik sed og skikk kravde, blir kongen utsett for gudanes vreide, og tragedien blir endå større.

INNSIKT FØR FRAMSYNINGA
Ved Eirik Welo

Dato: 5. juni kl. 19.15

Antigone er ein fleire tusen år gammal tragedie. Kva betydning hadde teateret for framveksten av demokratiet i Athen? Kva plass hadde mytane i det antikke greske samfunnet, og er dei framleis aktuelle i vår tid? Eirik Welo er prodekan ved Det humanistiske fakultet på Universitetet i Oslo og underviser i gammelgresk – språk og litteratur. Høyr Welo introdusere Antigone i Bikuben før framsyninga. Det er gratis og du treng ikkje billett.

Cast and Creative team for ANTIGONE at DET NORSKE TEATRET

Videos


MERRILY WE ROLL ALONG
Job3s (12/6 - 5/11)
VIEW SHOWS  ADD A SHOW  

Recommended For You